Lastebil treft av ras på riksveg 5 i Florø
SISTE: Vegen er no stengt medan faren for nye ras blir vurdert. Ny vurdering blir i morgon kl. 1000. Omkøyring blir via fv. 5704
Ein lastebil har blitt treft av ein stein ved Marka i Florø på riksveg 5. Dette er i nærleiken av nedkøyrsla til Fjord Base.
Politiet fekk melding om hendinga klokka 19. 48.
Lastebilen fekk steinen i frontruta, som er knust. – Sjåføren er fysisk uskadd, men er truleg i sjokk, seier Knut Dahl- Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Politiet er framme ved staden og ambulansepersonell tek hand om føraren.
Steinen kom truleg frå eit jord- og steinras, fortel politiet, som først trudde det ikkje var umiddelbar fare for nye ras.
Det var forbipasserande som melde ifrå om hendinga. Eit felt på riksveg 5 er stengt og entreprenør er på veg til staden. Det ligg ein del stein og jord i vegbana.