Mann med øks arrestert
Ein mann i slutten av 30-åra er arrestert av politiet, etter å ha gått laus på ein bil med ei øks i ettermiddag. Bilen stod parkert på Minde i Bergen og det var ingen personar inni den. Mannen er godt kjent for politiet frå før, og det skal vera ein relasjon mellom han og eigaren av bilen. Ingen personar vart skadd i hendinga.