Gir opp å stemne Trump
6. januar-komiteen trekk tilbake stemninga av USAs tidlegare president Donald Trump, melder fleire amerikanske medium.
Grunnen er at komiteen blir oppløyst ved nyttår, i samband med at ein ny kongress trer saman på nyåret.
Komiteen stemna Trump i oktober, og kravde at han skulle forklare seg under eid i november. Men eit søksmål frå Trump førte til at saka blei sett på vent, og det blei ikkje tid til vitnemålet før komiteen blir oppløyst.