Dovrebanen stengt mellom Skansen og Marienborg
Togtrafikken på Dovrebanen er stengt mellom Skansen og Marienborg på grunn av feil på Skansen bru, skriv Bane Nor i ei trafikkmelding. Bane Nor jobbar med å retta feilen, men opplyser at dette kan ta tid.
Toglinja mellom Oslo S og Trondheim S (F6), samt linja mellom Trondheim S og Strøen (R70) er berørt av stenginga.