McCarthy tapte første runde
Republikanaren Kevin McCarthy fekk ikkje nok stemmer i første valrunde til å bli ny leiar for Representanthuset i den amerikanske Kongressen. Minst sju av hans eigne partifellar stemte mot han, melder Reuters. Og han fekk difor ikkje det naudsynte fleirtalet. Det er første gong på over 100 år det må ein ny runde til for å kåre ein vinnar.