Jordskjelv styrke 3.3 i havet utanfor Andøya
Eit jordskjelv med ein på styrke 3,3 ramma eit område i havet nord for Andenes i Nordland klokka 20.50 tysdag kveld, opplyser seismolog hos Norsar, Andreas Wustefeld, til NRK.
Han seier at det ikkje er uvanleg med jordskjelv i området.
– Det rista i huset i tre til fire sekund, seier Kirsten Ramberg som bur på Andenes.
– Eg har opplevd jordskjelv tidligere. Det likna på det. Eg snakka med mannen som jobba i eit hus sånn 100 meter unna. Han merka det same, seier Ramberg til NRK.
Jordskjelvet skal også ha blitt merka på Senja.
Ifølge Wustefeld var skjelvet ikkje kraftig nok til å føra med seg store konsekvenser. Det er heller ikkje uvanleg i området, seier han.
– Det kan henda du høyrer det og merker litt risting, som om ein trikk køyrer forbi deg i Oslo, seier Wustefeld.
NRK melde først at jordskjelvet hadde ein styrke på 5,2. Den riktige styrka er 3,3.