Bergensbanen er onsdag kveld stengd mellom Flå og Hønefoss. Det er uvisst kor lenge togstrekninga kjem til å vere stengt for trafikk. Årsaka er straumproblem, opplyser Bane Nor, som allereie er i gang med å rette feilen. Vy, som trafikkerer strekninga, opplyser at dei ikkje veit kor lang tid det vil ta før toga kan køyre som normalt igjen. Bane Nor varslar ei oppdatering om problema klokka 23 onsdag kveld.