Redningsaksjon etter funn av eigedelar ved elv i Bergen
Det vart tysdag kveld klokka 21.06 iverksett ein redningsaksjon etter at eigedelar vart funne langs elvebreidda ved Langerekkja i Arna i Bergen.
– Aksjonen vert avslutta. Funne ut kven som eig gjenstandar som tidlegare vart funne ved elva, melder 110 Vest klokka 21.55.
Politiet melder at det som vart funne kan knytast til fisking. Omstenda gav naudetatane bekymring for at nokon kunne ha hamna i elva.