Politibetjent påkøyrd under trafikkontroll
I ettermiddag blei ein politibetjent påkøyrd av ein motorsykkel på Grov på Stord. Motorsykkelen stakk av frå ein kontroll.
Den fornærma blei ikkje fysisk skadd, opplyser Sør-Vest politidistrikt på X/Twitter.
Gjerningspersonen blei seinare arrestert og meldt for vald mot offentleg tjenesteperson, køyring utan gyldig førarkort, i ruspåverka tilstand og for å ha unndrege seg kontroll.
Føraren av motorsykkelen blei seinare funnen og sett i varetekt i Haugesund. Han blir avhøyrt i løpet av torsdag, opplyser vaktsjef på Haugesund politistasjon, Britt Jorunn Løvereide til NRK.