Reuters: Israel vil oppretta tryggleikssoner for sivile
Det melder Reuters. Fråsegna er ikkje stadfesta frå israelsk hald eller uavhengige kjelder.
Ein amerikansk tenestemann fortel Reuters at USA og Israel samarbeider om ein plan for å redusera skadar blant sivile i Gaza.
Ifølgje tenestemannen skal Israel vera samde med USA om at bombarderinga i sør på Gazastripa ikkje skal likna den i nord, og at det vil verta oppretta tryggleikssoner for sivile i Gaza.