Pakistan fordømmer angrep frå Iran
Utanriksdepartementet i Pakistan fordømmer eit iransk angrep mot basar som blir brukt av opprørsgruppa Jaish al Adl i Pakistan, melder Reuters.
Dei seier Iran har krenka pakistansk luftrom, og har kalla ein iransk diplomat inn på teppet.
Ifølge Pakistan blei to barn drepne i angrepet.
Statlege iranske medium sa tysdag at det blei brukt rakettar og dronar i angrepet, og at basane skal ha blitt øydelagde.