Mann dømt for vald mot gut etter «ring og spring»
Ein mann i 30-åra er dømt i Hordaland tingrett for vald mot ein 14-åring i Hardanger. Han og familien hadde lenge vore plaga av ein ungdomsgjeng som leika «ring og spring».
Etter å ha prøvd å løyse dette på fleire måtar, fann mannen det for godt å gøyme seg bak sin eigen hekk, og hoppe fram då tenåringen kom og skulle til å sparke i døra.
Han la guten i bakken, sat seg på han og slo fleire gongar mot hovudet hans. Guten hadde sykkelhjelm på og vart ikkje påført skade. Mannen har tilstått hendinga og har delt video frå overvakingskamera av hendinga.
Tingretten forstår at mannen hadde behov for å få slutt på det heile, men meiner han gjekk for langt og burde unngått å bruke vald. Mannen er derfor dømt til betinga fengsel i 45 dagar, med ei prøvetid på to år. Han må også betale ei bot på 10.000 kroner.