Straume: Brann i same område som i går
Meld om brann i same område som i går, melder 110 Vest.
Brannvesen rykka frå Ågotnes og Laksevåg.
– Me kan ikkje svare på om dette er ein ny brann eller om det har blussa opp no, men det er i same område, seier vaktsjef ved 110 Vest, Dan Inge Gjesdal.
Politiet og brannvesen er framme på staden, melder Vest politidistrikt. Dei skriv det er meld om røykutvikling.
Politiet oppmodar folk om å halde seg vekke frå området.