Etterforskar fleire valdshendingar i samband med kamp
Politiet i Møre og Romsdal etterforskar fire saker etter valdshendinga i samband med kampen mellom Molde og Rosenborg laurdag 11. mai.
Ut ifrå den informasjonen politiet har, er to av dei fornærma mindreårige, og det er også mindreårige i direkte nærleik til ein eller fleire av valdshendingane.
– Informasjonen politiet har tilgjengeleg tydar på at gjerningspersonane i sakene politiet etterforskar er RBK-supporterar. Foranledninga til hendingane er noko av det politiet søker å avklare gjennom etterforskinga, skriv dei i ei pressemelding.