Framleis uvisst når Fico kan flyttast til Bratislava
Slovakias statsminister Robert Fico er på betringas veg, fem dagar etter at han blei skoten og såra etter eit politisk arrangement,
Men det er framleis for risikabelt å overføre han frå byen Banska Bystrica, der han har fått behandling, til sjukehuset i hovudstaden Bratislava.
Fico blei skoten i magen med fem skot. Den mistenkte gjerningsmannen blei varetektsfengsla laurdag.
Han blir omtalt som ein 71 år gammal poet, som tidlegare har arbeidd som tryggingsvakt.