Seks evakuerte etter jordras på Osterøy: – Svært skremmande
Klokka 19.38 fekk politiet melding om eit jordskred på Hosanger på Osterøy.
Lausmassar har rast ut i ei elv. Det er uvisst kor store massane er, melder Vest politidistrikt.
Ingen er meld skadde eller sakna. Til saman seks personar i ein privatbustad og eit sommarhus er evakuerte.
Politiets operasjonsleiar Morten Rebnord seier til NRK at dei to husa ligg øvst oppe i eit lite dalsøkk på Hosanger, og på kvar side av elva.
Bebuarane har fortald at dei høyrde to ulike ras, evakuerte seg sjølve, og varsla politiet.
Eit sambuarpar med to barn på 8 og 14 er blant dei evakuerte.
– Det var ei svært skremmande oppleving for dei, seier Lars Magne Bysheim, som er far til barnemora.
– Dei forstod først ikkje kva som skjedde, men trudde det tordna. Då høyrde dei endå eit ras og sprang vekk.
Det første verka som eit ganske stort steinskred. Ti minutt seinare kom eit nytt steinsprang.
Bak garasjen observerte brannvesenet blant anna ei steinblokk på omlag fire kubikkmeter.
Familien overnattar i dag hos hennar Bysheim, som bur i nærleiken.
Også dei to andre evakuerte har fått ordna seg overnattingsstad.
Osterøy kommune er varsla og ein geolog reiser til staden laurdag føremiddag.
Politiet har avslutta på staden. Fylkesveg 567 Osterøyvegen som går gjennom Hosanger er open for fri ferdsel.