Israel gir Hamas frist til onsdag med svar om våpenkvile
Hamas har frist til onsdag kveld med å svare på Israels forslag til våpenkvile. Det seier ein israelsk tenestemann til AFP. Hamas skal ha fått eit forslag om våpenkvile i 40 dagar, mot at dei set fri dei israelske gislane i Gaza. Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) sa i eit intervju med NRK måndag kveld at det ikkje verka som ein står overfor snarleg gjennombrot i forhandlingane.