Ny demonstrasjon utanfor NRK mot Israel si deltaking i Eurovision
Mange demonstrantar møtte opp utanfor NRK laurdag kveld utanfor publikumsinngangen til andre delfinale i MGP. Ifølge Aksjonsgruppa Palestina skal dei vera rundt 300. Demonstrantane held kvite bultar som skal symbolisera palestinske foreldre og søsken som ber drepne palestinske barn. Dei krev at Israel blir utestengd frå Eurovision Song Contest i 2024.
Kringkastingsrådet behandla torsdag Israel si deltaking i Eurovision. Kringkastingssjefen har frårådd ei boikott av israelsk deltaking i songkonkurransen.
– Å ta til orde for ein boikott av Israel vil svekka NRK sitt truverd som nyheitsformidlar, sa ho og la til at folk har full rett til å protestera og vera ueinige med NRK si vurdering.
Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) har sagt at det er uaktuelt å stenga ute Israel frå Eurovision. Konkurransen blir i år arrangert i Malmö i Sverige.