TV 2: Far ankar dommen etter mishandlingssaka i Bergen
Ein sju år gamal gut vart sommaren 2022 funne alvorleg skadd i ei seng i ein leilegheit i Bergen.
Saka førte til at barnevernet i Bergen fekk omfattande kritikk frå statsforvaltaren. Byrådet gjekk av etter saka.
Gutens far blei i mars dømd til ni års fengsel. No ankar han dommen, melder TV 2.