Finsk hackar fengsla for utpressingsforsøk
Den finske hackaren Aleksanteri Julius Kivimäki er dømd til seks år og tre månader i fengsel for datainnbrot og utpressingsforsøk, melder BBC.
Hackaren braut seg inn i pasientdatabasen til det finske psykoterapisenteret Vastaamo i 2018 og 2019, og stal opplysningar til over 30.000 personar.
Han prøvde først å krevje løysepengar frå selskapet, men då det ikkje gjekk, sende han e-postar direkte til pasientar, og truga med å avsløre kva dei hadde fortalt terapeutane sine.
På grunn av det høge talet offer, er dette den største kriminalsaka i finsk historie, skriv den britiske kringkastaren.