Sophie Elise har blitt mor
Sophie Elise har blitt mor for første gong. Ho har delt eit bilete av den nyfødde sonen på Snapchat, skriv VG.
Ho har tidlegare sagt at guten skal få eit namn som startar på «H», men at ho og sambuaren Vegard Jørstad vil halde namnet for seg sjølve.
Guten blei fødd måndag morgon.
Påverkaren har gjeve følgarane sine oppdateringar gjennom svangerskapet, der ho blant anna har fortalt korleis det har vore å vere gravid, og kva utfordringar ho har opplevd.