Redningsaksjon formelt avslutta
Politiet og hovudredningssentralen har formelt avslutta redningsaksjonen i Stryn der det har blitt søkt etter ein mann i 30-åra. Dette melder politiet 17. mai.
Dei skriv det har blitt søkt med mykje ressursar, over fleire dagar, i dei områda politiet har vurdert som aktuelle, utan funn.
Ifølge politiet blir saka vidare etterforska som sak som gjeld sakna person.