Skogbrann i Førde
![Skogbrann i Førde](https://gfx.nrk.no/1u11EVEB0SuSg9nFZicI3AsrgEPs4-_T7bC-mLDYJPnA.jpg)
Det brenn i eit skogholt like ved Førde sentrum. Mannskap frå brannvesenet har rykt ut og røyken og flammene er synlege i store deler av byen. Vaktkommandør Tore Fanebust seier til NRK at det brenn i fjellsida og at dei har mannskap på veg inn i terrenget. – Det er førebels ikkje fare for spreiing til hus i området, seier han.