Eide om mogeleg arrestordre: Forplikta til å gripe Netanyahu om han kjem til Noreg
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) seier at dersom det blir arrestordre på Israels statsminister, forsvarsminister eller Hamas-leiarane, er Noreg forplikta til å gripe dei om dei kjem til Noreg.
– Det er domstolen som avgjer om ein går til ein arrestordre. Dersom dei gjer det, må alle land som er signaturstatar, følge det, seier han til NRK.
Måndag bad aktor i ICC om arrestordre på Israels statsminister Benjamin Netanyahu, forsvarsminister Yoav Gallant og tre Hamas-leiarar.
Eit panel i domstolen skal avgjere om det blir sendt ut arrestordre eller ikkje.