Raudt snøskredvarsel i Bergen og på Jæren
Det er sendt ut varsel om stor snøskredfare for det meste av Vestlandet måndag. Også heilt ute ved kysten av Hordaland og Rogaland blir det varsla raudt, altså faregrad 4.
– Det skjer ikkje ofte at det er eit slikt varsel for Hordalandskysten, seier Markus Eckerstorfer, vaktleiar for snøskred i NVE, til BT.
I teorien er det dermed mogleg at det til dømes på Byfjellene kan losna store snøskred av seg sjølv, så store at dei kan «begrava ein bil eller øydelegga små hus».