TV-kanal: Hamas seier dei vil ta stilling til konkret våpenkvileforslag
Ifølge den statlege egyptiske TV-kanalen Al Qahera har Hamas sin delegasjon reist frå Kairo, skriv nyheitsbyrået Reuters.
Der har dei deltatt i våpenkvileforhandlingar. Dei vil koma tilbake med eit svar på våpenkvileforslaget som er lagt fram, ifølgje TV-kanalen.
Ifølgje den britiske utanriksministeren David Cameron har Israel kome med eit tilbod om våpenkvile i 40 dagar, mot at Hamas set fri dei israelske gislane.